h1

Lesestoff for tida

(August – 08) På veg til Frankrike på sommarferietur kjøpte eg boka “The Book Thief”, eller “Boktyven” som er den norske oversettinga. Ei annleis bok om ei tysk jente som veks opp under andre verdskrig i Tyskland. Perspektivet i boka er det som gjer ho annleis, både fordi dette ikkje er den klassiske jødeforfølgingshistorien, og fordi det er Døden som fortel historien. Eg vart veldig fasinert, særleg fordi ho har ein uventa narrativ struktur. Les ho!

(Mars – 08) “Gulldronning, perledronning” er verkeleg ei bok å anbefale! Boka tek føre seg eit tema som ein finn i mange bøker; det øydelagde barnets historie. Det spesielle er måten dette barnet kjem seg ut av ein djupt tragisk start på livet og inn i ei lovande framtid ved hjelp av ein omsorgsfull og innsiktsfull morfar. Spennande forteljarvinklar og utfordrande kronologi, og ikkje minst eit herleg gjensyn med eventyra eg høyrde i barndomen. Løp og les!

(Februar – 08) Langeland si bok var underhaldande, no har eg putta Margaret Skjelbred si bok “Gulldronning, perledronning” inn i CD-spelaren i bilen. Gler meg til den! I kontortida er eg gått laus på den danske håndboka om skriving “Den gode opgave” (L. Rienecker og P. S. Jørgensen 2005), og ser at her er mange gode tips til skrivinga mi.

(Januar – 08) Eg må ha litt av kvart å lese samtidig. På nattbordet ligg Hovlands 1964 og Lord of the Rings, bok to. I bilen lyttar eg framleis til H. Langelands Francis Meyers lidenskap. Og på kontoret dominerar Thomas Kuhn med ei bok om vitskapsteoretiske paradigme. Nokon som har greie på han forresten?

2 kommentarar

  1. Jo, ikke ukjent. Den kom forresten på nytt i Bokklubben, så den ligger i den vertikale bokhylla mi.


  2. Kuhn har jeg ikke noe forhold til nå, etter at vitenskapsteorien er et tilbakelagt stadium, men jeg leser desto mer skjønnlitteratur. Holder faktisk på med Haiene av Bjørnebo. Skjønner ikke hvordan jeg kan ha unngått den med den bakgrunnen jeg har. Men boka fascinerer……



Kommenter innlegget