Eg har snakka ein heil del om korleis ein skal formidle såkalla “nettvett” til elevane når dei jobbar med digitale tekstar. Det er ikkje noko nytt i det at Internett legg tilrette for at det er lett å dele bilete og tekst med andre, men likevel er det eit stort problem at så mange ungdommar ikkje tenkjer på konsekvensane når dei legg ut informasjon og bilete på nettet.
Arkiv for kategorien ‘Om IKT og læring’

Om nettvett og nyttige filmar
3. mars, 2008
Undervisningsfilmar om nynorsk som sidemål
21. februar, 2008Snøball film har i samarbeid med Nynorsksenteret akkurat lansert ei rekkje filmar på nett til inspirasjon for norsklærarar i grunnskulen. Filmane tek oss med inn i klasserom i heile landet, og let oss vere gjestar i sidemålsundervisninga på nynorsk. Her er mange ulike opplegg som passar for ulike trinn i grunnskolen, men som óg kan inspirere til undervisning i vidaregåande. I tillegg til filmane ligg det med grundige skildringar av opplegga med mellom anna nettadressar og andre dokument som blir brukt i undervisningsopplegga.
Nettadressa til filmane er: http://www.skuleipraksis.no/pages/filmliste.html
Her kan ein sjå korleis lærarane som er med på filmprosjektet uttalar seg om arbeid med nynorsk

Ei hendig handbok for norsklærarar
13. februar, 2008
“norskboka.no” tek for seg fleire digitale verktøy som kan brukast i norskundervisninga. Forfattaren og læraren Leif Harboe viser i denne boka med gode døme og illustrasjonar korleis ein kan bruke desse verktøya og gir tips og råd til gode undervisningsopplegg.

Nynorsksenterets tekstbase
5. februar, 2008Nynorsksenteret har akkurat publisert ein viktig portal vi kallar Tekstbasen. Han inneheld nye nynorske sakprosatekstar til bruk i undervisninga. Tekstene er henta frå ulike aviser, tidsskrift og nettsider, og ligg som PDF-filer slik at det er lett for lærarar å ta ut riktige kopiar til bruk i klasserommet. Her er det mogleg å finne tekstar som kan passe for dei fleste årstrinn i skolen.
Det er eit stort problem både i arbeid med nynorsk som sidemål og hovudmål at elevane les så få tekstar på nynorsk, det går mest i skjønnlitterære tekstar som dei får presentert av læraren. Det kan vere vanskeleg å få tak i saktekstar, og ikkje minst samansette tekstar på nynorsk. Her vil tekstbasen kunne vere ei god hjelp, med gode nynorske saktekstar til inspirasjon og som modellar for skrivinga til elevane. Her er lenkje rett til nettsida: http://www.nynorsksenteret.no/tekstbasen

God bok!
1. februar, 2008
Eg les for tida ei interessant bok som eg gjerne vil tipse andre om dersom de har interesse for korleis ein kan få til god undervisning i møte med ein ny kontekst i ein teknologisk kvardag. “Undervisning i endring – IKT, aktivitet, design” er skrive av Trond Eiliv Hauge, Andreas Lund og Jon Magne Vestøl (red.) og er utgjeven på Abstrakt forlag. Boka inneheld gode eksempel henta frå ulike case-studie og byggjer på eit sosiokulturelt perspektiv på læring der ein særleg eg oppteken av bruken av og samspelet med kulturelle reiskap.
Klasseblogg
28. januar, 2008Eg har besøkt ein del av norsklærar Leif Harboe sine bloggsider, og her er det mykje inspirasjon å hente. Han legg ut både rettleiing og tips til korleis ein kan bruke ulike digitale verktøy i undervisninga, og har med sine bloggsider mange tips til norsklærarar om korleis ein mellom anna kan arbeide med multimodale tekstar i klasserommet.
Eg vart særleg fasinert av at han har ein eigen klasseblogg for norskklassa si (http://www.2ifa.blogspot.com/), og eg tenkjer med ein gong at dette er noko eg skulle hatt lyst til å prøve. På bloggen legg læraren mellom anna ut funderingsoppgåver til elevane, gjerne knytt til ein eller anna multimodal tekst – ein reklamesnutt, eit videoklipp eller noko som er scanna inn.
Eg har sjølv brukt diskusjonsforum nettopp for slike oppgåver, der elevane skal gå inn og diskutere og kommentere eit eller anna spørsmål, men bloggsida gjer det enklare å legge inn nettopp andre typar tekstar. Det eg sit og lurar på er om ein kunne hatt blogg der alle i klassen hadde skriverettighet, slik at fleire kunne leggje ut enn berre læraren. Dette var også et spørsmål eg fekk på eit av kursa mine, og som eg ikkje kunne svare på der og då.
Nokon som veit korleis dette kan gjerast?

Multimodalitet – eller uttrykk på mange måtar
23. januar, 2008Multimodalitet er eit uttrykk som eg begynner å få meir orden på no. Eg synst det er eit litt spennande ord. I skolen og Kunnskapsløftet er omgrepet gjort om til samansette tekstar, og merkelappen på dette er tekstar som er sett saman av ulike tekstlege og visuelle uttrykk. Eg likar betre det første omgrepet fordi dei ikkje er like lett å misforstå; dette er tekstar som formidlar noko på mange måtar og som samla gir lesaren noko å fordøye.
