
In Innfall on 18. november, 2009 av Kristin
Etter ein lang bloggpause tek eg fram nysgjerrigheita mi på norskfaget igjen og satsar på å få att inspirasjonen til å skrive meir her på bloggen min. Sidan sist har eg blitt mor til fire og har sysla med heilt andre ting enn fag og forsking ei god stund. No sit eg og førebur meg på å møte lærarar i morgon på seminar, og å snakke om didaktiske spørsmål knytta til nynorsk, lesing, samansette tekstar og digitale utfordringar. Heldigvis har eg funne fram til andres interessante norsklærarbloggar som inspirerer og hjelper meg inn i tankegangen igjen!

In Innfall on 21. januar, 2008 av Kristin
Eg har snakka meg varm om blogging i fleire år no. Har halde eit etter kvart stort antal foredrag for lærarar om denne spennande arenaen for skriving. Eg har vist med gode døme og forklart at bloggen ivaretek så mange sider ved norskfaget i ein og same skrivearena; tenkeskriving, mottakarorientering, multimodalitet, interaktivitet, design og jamvel identitetsbygging. Bloggar er så spennande tekstar, nettopp fordi dei inneheld så ulike idear og tankar på alle moglege nivå. Og eg har alltid vore så imponert over kor lett det verkar for bloggaren å skrive.
Dei gode bloggdøma har eg henta frå musikkbloggar, diktbloggar, dagbokbloggar, argumenterande bloggar, avisbloggar, elevbloggar og kollegabloggar. Eg har argumentert for blogg i stipendiatmiljøet som eg er ein del av; dette er jo ein ypparleg og ikkje minst uformell arena for diskusjonar rundt teoriartiklar og forskingsspørsmål!
Men eg har aldri skrive min eigen blogg. Nettopp av same grunn som dei ein har for å skrive i ein slik tekstarena; her kan ein jo bli lese av andre! Her får teksten møte andre, og DET er fali’ det!
Så denne bloggen er eit forsøk på å bryte med alle skrivesperrene mine. – Kanskje på tide, mumlar du vel i skjegget, – det er jo i grunnen det som er jobben hennar for tida. Å skrive.
Da eg var lita var det det beste eg visste. Å skrive. Eg vonar eg finn tilbake til den lykka etterkvart.