Post

Om meg og denne bloggen

Denne bloggen kjem til å handle om norskfaget og korleis ein kan gå nye vegar for å få til ei god undervisning i tråd med Kunnskapsløftet. Eg er spesielt interessert i digitale tekstar, multimodalitet, og arbeid med digitale verktøy. Eg jobbar òg spesielt med nynorsk som sidemål.

Eg er for tida stipendiat tilsett ved Nasjonal senter for nynorsk i opplæringa som held til ved Høgskulen i Volda. Her jobbar eg med eit fagdidaktisk prosjekt der eg tek sikte på å bruke digitale verktøy i arbeid med nynorsk som sidemål. Før eg tok til med doktorgradsarbeidet jobba eg som norsk- og engelsklærar med ei utstrakt interesse for digitale tekstar i norskfaget og pedagogisk bruk av IKT generelt. Eg held framleis ein del kurs for lærarar og lærarstudentar med dette som tema.

Eg er frå Trondheim, men er for tida busett i Volda i lag med mannen min og dei fire ungane våre.

Legg att eit svar