h1

Om nettvett og nyttige filmar

3. mars, 2008

nettvett__spray__fa_180893m.jpgEg har snakka ein heil del om korleis ein skal formidle såkalla “nettvett” til elevane når dei jobbar med digitale tekstar. Det er ikkje noko nytt i det at Internett legg tilrette for at det er lett å dele bilete og tekst med andre, men likevel er det eit stort problem at så mange ungdommar ikkje tenkjer på konsekvensane når dei legg ut informasjon og bilete på nettet.

“Alle gjer jo det”, er eit argument eg gjerne høyrer frå elevane mine når vi diskuterer det å ukritisk leggje ut bilete på nettet, eller enno verre; å publisere bilete av andre til resten av verda. Som norsklærarar har vi ansvar for å formidle godt nettvett til elevane, jmf. læreplanen som seier at vi skal “ruste elevane til deltakelse i samfunns- og arbeidsliv” (Kunnskapsløftet).

Nettsida dubestemmer.no tek opp denne problematikken og viser med eigne kortfilmar kva konsekvensar dette kan få for ungdom. Og enno betre er kortfilmane dei har fått ungdom i vidaregåande til å lage sjølv i ein manuskonkurranse med Harald Zwart. Desse filmane er lett tilgjengelege og kan passe godt å bruke i norskundervisninga, gjerne som utgangspunkt for diskusjon rundt nettvett.

Her er ein flott tankevekkar frå Byåsen vidaregående skole

4 kommentarar

  1. Las heile innlegget ditt opptil fleire gongar medan eg las; “nettverk” i staden for “nettvett”! Vart litt anna meining :-) Vi treng vel alle å jobbe med nettvett. Alle nye medier krev vett for å verte brukte godt, og det tek tid å innføre.


  2. Ja, det blir fort ei anna tyding med nettverk, i alle fall i desse barneombudstilsettingstider:-)… Eg tenkjer at vi som er foreldre og har mykje å lære om nettvett. Eg vil følgje med på kva ungane mine ser på på nettet framover. Betre å vere for nysgjerrig og spørre for mykje enn å overlate dei til seg sjølv i nettverda.


  3. Ja, heller masete enn naiv. Er ikkje det eit greit motto?


  4. Hei Kristin:)
    Hvis du leter etter bloggen min, så har jeg nå ny, med helt ny adresse, layout osv.
    Sjekk ut mirjamoieneiksund.wordpress.com
    Vi snakkes!



Kommenter innlegget