
God bok!
1. februar, 2008
Eg les for tida ei interessant bok som eg gjerne vil tipse andre om dersom de har interesse for korleis ein kan få til god undervisning i møte med ein ny kontekst i ein teknologisk kvardag. “Undervisning i endring – IKT, aktivitet, design” er skrive av Trond Eiliv Hauge, Andreas Lund og Jon Magne Vestøl (red.) og er utgjeven på Abstrakt forlag. Boka inneheld gode eksempel henta frå ulike case-studie og byggjer på eit sosiokulturelt perspektiv på læring der ein særleg eg oppteken av bruken av og samspelet med kulturelle reiskap.Verdt å lese!