h1

Multimodalitet – eller uttrykk på mange måtar

23. januar, 2008

Multimodalitet er eit uttrykk som eg begynner å få meir orden på no. Eg synst det er eit litt spennande ord. I skolen og Kunnskapsløftet er omgrepet gjort om til samansette tekstar, og merkelappen på dette er tekstar som er sett saman av ulike tekstlege og visuelle uttrykk. Eg likar betre det første omgrepet fordi dei ikkje er like lett å misforstå; dette er tekstar som formidlar noko på mange måtar og som samla gir lesaren noko å fordøye.

Anne Løvland har skrive ein doktorgrad om emne og ho meiner at ein kanskje kan seie at dei fleste tekstene er multimodale fordi dei inneheld ulike teikn og variantar innanfor eit semiotisk system (viss eg forstår ho rett i boka hennar “På mange måtar”). I skolen og kanskje spesielt i norskfaget vel vi kanskje meir å sjå på dei tekstane som inneheld t.d. bilete, lyd, skrift, illustrasjonar som samansette tekstar, og elevane skal lære seg å sjå og tolke og forstå slike tekstar og lage dei sjølv.

Mange vil nok seie at ein i norskfaget har jobba med slike tekstar alltid, og det er nok sant, men som norsklærar synst eg det likevel er spennande at dette no blir framheva som ein så viktig “sjanger” fordi den utfordrar både elevar og lærarar til å tenkje på tekstuttrykk som noko som skal møte lesarar på fleire plan. I tillegg er digitale multimodale tekstar noko som i tek stor plass i liva våre etter kvart. Eg tenkjer då på nettavisar, nettsamfunn, bloggar, dataspel, filmar på nett, sms og mms. Vi skriv og legg inn bilete og lyd og film og kommentarar og tekstsnuttar , og produserar mengder med multimodale tekstar. Og som norsklærarar blir vi utfordra til å tenkje skriving og tekstproduksjon på ein litt annan måte enn den klassiske skolestilen.

Kvifor eg skriv om dette no? Eg skal ha kurs om digitale samansette tekstar for lærarar i Molde i morgon, og i det sporet er tankane mine no i kveld. Tek med ein liten samansett tekst som elevane laga då vi jobba med nynorske reklamar.nokia.jpg

2 kommentarar

  1. Tøfft bilde!


  2. Tenk på dei som klarer å skrive multimodale tekster utan å bruke andre uttrykk som bilete o.l. Ein del tekster kallar fram bilete umiddelbart, andre ikkje. Kva for tekster fangar meg? Kanskje er forfattarar i større eller mindre grad multimodale? Kva gjer ei tekst interessant? Er det kanskje det at den fangar oss på fleire plan? (Flink å spørre, ikkje så flink å svare ;-) )



Kommenter innlegget