Eg har snakka meg varm om blogging i fleire år no. Har halde eit etter kvart stort antal foredrag for lærarar om denne spennande arenaen for skriving. Eg har vist med gode døme og forklart at bloggen ivaretek så mange sider ved norskfaget i ein og same skrivearena; tenkeskriving, mottakarorientering, multimodalitet, interaktivitet, design og jamvel identitetsbygging. Bloggar er så spennande tekstar, nettopp fordi dei inneheld så ulike idear og tankar på alle moglege nivå. Og eg har alltid vore så imponert over kor lett det verkar for bloggaren å skrive.
Dei gode bloggdøma har eg henta frå musikkbloggar, diktbloggar, dagbokbloggar, argumenterande bloggar, avisbloggar, elevbloggar og kollegabloggar. Eg har argumentert for blogg i stipendiatmiljøet som eg er ein del av; dette er jo ein ypparleg og ikkje minst uformell arena for diskusjonar rundt teoriartiklar og forskingsspørsmål!
Men eg har aldri skrive min eigen blogg. Nettopp av same grunn som dei ein har for å skrive i ein slik tekstarena; her kan ein jo bli lese av andre! Her får teksten møte andre, og DET er fali’ det!
Så denne bloggen er eit forsøk på å bryte med alle skrivesperrene mine. – Kanskje på tide, mumlar du vel i skjegget, – det er jo i grunnen det som er jobben hennar for tida. Å skrive.
Da eg var lita var det det beste eg visste. Å skrive. Eg vonar eg finn tilbake til den lykka etterkvart.










Det blir spennande med eigen blogg, Kristin
. Det gjer det jo berre meir prekært for meg å starte min eigen blogg…
Kanskje eg kan nytte denne bloggen som eit døme på den nye blogg-bølgja i tekstbasen min?
So kult at du har fått deg blogg Kristin!! Så gøy at fleire og fleire får det! Gler meg til å følge med! Og Hjalmar. Du får på ingen måte lov til å droppe meg som døme og bruke Kristin i staden! Då får du i tilfelle bruke begge to. Hehe.
Heisann, Kristin! Ja, sjå der du. Ny måte å halde kontakt på iallefall. Er heilt med på det med at det er litt nifst at andre les det du skriv. Eg har alltid syns det var veldig vanskeleg å la andre lese stilar og oppgåver eg har skrive, og jammen er det ikkje litt rart å få tilbakemelding på tankar ein gjer seg på blogg også. Idèar kan vere veldig gjennomtenkte og lure i einerom, men plutseleg er det nokon med andre tankar som responderar, og det har vore både rart og kjekt for min del. Har fått veldig uventa reaksjonar på ting eg har skrive også… Jaja. Til lukke med blogg!
Eg kjem aldri (les: ALDRI) til å fjerne superbloggen “Goggenbloggen” frå noko tekstbase, Geir Egil. Ver du sikker
. Det er derimot mogleg du får eit par supplement av andre nynorskspråklege (men langt i frå like gode – det skal jo litt til
) bloggar etter kvar.
Du kan forresten sjå lenka til bloggen din her: http://www.nynorsksenteret.no/index.php?&ID=13430&nynTXTpg=vis&ressurs=82
Flott å lese Hjalmar. Hehehehe! Har forresten drive og kika innom tekstbasen din i ny og ne. Den ser framifrå flott ut. Godt arbeidd Hjalmar! Eg ser forøvrig at du har fått fjes på kommentaren din. Hmm. Du har fått deg blogg. Og eg skal på jakt! Snakkast!