Post

Blogg på is

In Innfall, Om norskfaget on 16. januar, 2012 by Kristin

Det er lenge sidan det har skjedd noko på denne bloggen. Livet som firebarnsmor og stipendiat har overlatt lita tid til å fundere over interessante norskfaglege  innspel dei seinaste åra. No har eg akkurat begynt å jobbe med norskfaget i lærarutdanninga, og det er mykje å vere nysgjerrig på i denne kvardagen. Men om eg har tid og overskot til å overføre dette til bloggen vil tida vise. Eg melder derfor om at bloggen ligg på is – enn så lenge.

Post

Bøker på øyret…

In Om bøker on 8. desember, 2009 by Kristin

Med ein ny liten kar i huset som ikkje enno har funne ut at natta er til for soving, blir den gode søvnen nesten heilag for foreldra. Likevel er det ikkje alltid lett å finne han når ein først har køya. Eg har funne ut at lydbok er trikset. Det held tankar om smått og stort på avstand og forteljarstemma leier meg inn i draumeland på ein god måte. Det tek litt lenger tid før eg får fullført bøkene eg les på øyret, men det gjer ikkje så mykje. Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda er oversett til nynorsk og er nydeleg lese inn av Tove Bakke. Elles har eg i det siste høyrt på Edvard Hoem si Jordmor på jorda, og sjølv om eg ikkje er like begeistra for måten forfattaren les på, er det ei god bok å avslutte dagen med.

Post

Hei, her er eg igjen!

In Innfall on 18. november, 2009 by Kristin

Etter ein lang bloggpause tek eg fram nysgjerrigheita mi på norskfaget igjen og satsar på å få att inspirasjonen til å skrive meir her på bloggen min. Sidan sist har eg blitt mor til fire og har sysla med heilt andre ting enn fag og forsking ei god stund.  No sit eg og førebur meg på  å møte lærarar i morgon på seminar, og å snakke om didaktiske spørsmål knytta  til nynorsk, lesing, samansette tekstar og digitale utfordringar. Heldigvis har eg funne fram til andres interessante norsklærarbloggar som inspirerer og hjelper meg inn i tankegangen igjen!

 

 

 

Post

Nynorske teikneseriar på nett

In Om norskfaget, Om nynorsk on 1. september, 2008 by Kristin

Nynorsksenteret har akkurat lansert ei ny nettside som bør vere interessant for norsklærarar i fleire klassetrinn. I arbeidet med samansette tekstar er teikneseriar ein utfordrande og ofte inspirerande sjanger å arbeide med. Og kvifor ikkje kombinere det med sidemålsundervisning?

På sidene finn du døme på nynorske teikneseriar av ulike slag og alle seriane er tilgjengelege som PDF-ar til utskrift. Sidene inneheld og tips til dei som vil teikna og/eller skriva teikneseriar. Her og gode rettleiingar til lærarar med tips om korleis ein kan arbeide med teikneseriar i klasserommet.

Nynorske teikneseriar finn du på: http://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/om_vevstaden.html

Les meir »

Post

Om nettvett og nyttige filmar

In Om IKT og læring, Om norskfaget on 3. mars, 2008 by Kristin

nettvett__spray__fa_180893m.jpgEg har snakka ein heil del om korleis ein skal formidle såkalla “nettvett” til elevane når dei jobbar med digitale tekstar. Det er ikkje noko nytt i det at Internett legg tilrette for at det er lett å dele bilete og tekst med andre, men likevel er det eit stort problem at så mange ungdommar ikkje tenkjer på konsekvensane når dei legg ut informasjon og bilete på nettet.

Les meir »

Post

Undervisningsfilmar om nynorsk som sidemål

In Om IKT og læring, Om norskfaget, Om nynorsk on 21. februar, 2008 by Kristin

nynorsklogo.gif

Snøball film har i samarbeid med Nynorsksenteret akkurat lansert ei rekkje filmar på nett til inspirasjon for norsklærarar i grunnskulen. Filmane tek oss med inn i klasserom i heile landet, og let oss vere gjestar i sidemålsundervisninga på nynorsk. Her er mange ulike opplegg som passar for ulike trinn i grunnskolen, men som óg kan inspirere til undervisning i vidaregåande. I tillegg til filmane ligg det med grundige skildringar av opplegga med mellom anna nettadressar og andre dokument som blir brukt i undervisningsopplegga.

Nettadressa til filmane er: http://www.skuleipraksis.no/pages/filmliste.html

Her kan ein sjå korleis lærarane som er med på filmprosjektet uttalar seg om arbeid med nynorsk

Post

Ei hendig handbok for norsklærarar

In Om bøker, Om IKT og læring, Om norskfaget on 13. februar, 2008 by Kristin

omslag-bok.jpg“norskboka.no” tek for seg fleire digitale verktøy som kan brukast i norskundervisninga. Forfattaren og læraren Leif Harboe viser i denne boka med gode døme og illustrasjonar korleis ein kan bruke desse verktøya og gir tips og råd til gode undervisningsopplegg.

Les meir »

Post

Nynorsksenterets tekstbase

In Om IKT og læring, Om norskfaget, Om nynorsk on 5. februar, 2008 by Kristin

Nynorsksenteret har akkurat publisert ein viktig portal vi kallar Tekstbasen. Han inneheld nye nynorske sakprosatekstar til bruk i undervisninga. Tekstene er henta frå ulike aviser, tidsskrift og nettsider, og ligg som PDF-filer slik at det er lett for lærarar å ta ut riktige kopiar til bruk i klasserommet. Her er det mogleg å finne tekstar som kan passe for dei fleste årstrinn i skolen.

Det er eit stort problem både i arbeid med nynorsk som sidemål og hovudmål at elevane les så få tekstar på nynorsk, det går mest i skjønnlitterære tekstar som dei får presentert av læraren. Det kan vere vanskeleg å få tak i saktekstar, og ikkje minst samansette tekstar på nynorsk. Her vil tekstbasen kunne vere ei god hjelp, med gode nynorske saktekstar til inspirasjon og som modellar for skrivinga til elevane. Her er lenkje rett til nettsida: http://www.nynorsksenteret.no/tekstbasen

Post

God bok!

In Om bøker, Om IKT og læring on 1. februar, 2008 by Kristin

undervisning-i-endring.gifEg les for tida ei interessant bok som eg gjerne vil tipse andre om dersom de har interesse for korleis ein kan få til god undervisning i møte med ein ny kontekst i ein teknologisk kvardag. “Undervisning i endring – IKT, aktivitet, design” er skrive av Trond Eiliv Hauge, Andreas Lund og Jon Magne Vestøl (red.) og er utgjeven på Abstrakt forlag. Boka inneheld gode eksempel henta frå ulike case-studie og byggjer på eit sosiokulturelt perspektiv på læring der ein særleg eg oppteken av bruken av og samspelet med kulturelle reiskap.
Verdt å lese!

Post

Klasseblogg

In Om IKT og læring on 28. januar, 2008 by Kristin

Eg har besøkt ein del av norsklærar Leif Harboe sine bloggsider, og her er det mykje inspirasjon å hente. Han legg ut både rettleiing og tips til korleis ein kan bruke ulike digitale verktøy i undervisninga, og har med sine bloggsider mange tips til norsklærarar om korleis ein mellom anna kan arbeide med multimodale tekstar i klasserommet.

Eg vart særleg fasinert av at han har ein eigen klasseblogg for norskklassa si (http://www.2ifa.blogspot.com/), og eg tenkjer med ein gong at dette er noko eg skulle hatt lyst til å prøve. På bloggen legg læraren mellom anna ut funderingsoppgåver til elevane, gjerne knytt til ein eller anna multimodal tekst – ein reklamesnutt, eit videoklipp eller noko som er scanna inn.

Eg har sjølv brukt diskusjonsforum nettopp for slike oppgåver, der elevane skal gå inn og diskutere og kommentere eit eller anna spørsmål, men bloggsida gjer det enklare å legge inn nettopp andre typar tekstar. Det eg sit og lurar på er om ein kunne hatt blogg der alle i klassen hadde skriverettighet, slik at fleire kunne leggje ut enn berre læraren. Dette var også et spørsmål eg fekk på eit av kursa mine, og som eg ikkje kunne svare på der og då.

Nokon som veit korleis dette kan gjerast?

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.